Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 18: Nye radikale ideer

Kong Magnus inngjekk forlik med kyrkja i 1273 om grensene for kongen si lovgjevingsmakt.

Den store lovboka hans – Landslova – var ferdig i 1274.

Kongen var den same, men han samarbeidde no med nye folk. Medarbeidarane han hadde arva etter faren, forsvann nemleg i 1270.

Inn kom ikkje minst Tore Håkonsson (også kjend som Tore Biskopsson), som vart kongen sin kanslar, og som fungerte som ein slags statsminister. Han var son av biskop Håkon i Oslo og vaks opp i ein heim med lærdom. Han må òg ha reist ut og studert. Kanskje var han i Paris, og kanskje høyrde han Thomas Aquinas førelesa.

Nye radikale idear som kan førast tilbake til den store filosofen, finst i alle fall i Landslova. Det er òg medan Tore var kanslar, at kvinner sine rettar i Landslova vart sterkt utvida.