Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 17: Fiasko og flaks

Fiaskoen på Frostating skulle visa seg å vera eit lykketreff.

Den milde kong Magnus hadde overtatt faren sin administrasjon, ein administrasjon etter den gamle skulen. Men på denne tida var det ei rivande kunnskapsutvikling, og det fløymde studentar og ny kunnskap ut over heile Europa.

Den lovboka kongen og administrasjonen hans laga i 1267, og som fekk ein bråstans på Frostating, var eit resultat av lærdom frå nokre tiår tidlegare. Ti år var eit osean av tid på midten av dette hundreåret.

Kong Magnus kunne difor, med nye rådgjevarar, på 1270-talet laga ei langt betre lovbok enn den som vart forkasta i 1269.

Den høge kvaliteten på Landslova er ein viktig grunn til at ho fekk ei levetid på 400 år, og at for eksempel fattigomsorgsordninga var i bruk heilt til 1900.