Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Kremhvit bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 16: Nederlag på Frostating

Noreg vart totalforandra i løpet av 1100-talet i skuggen av borgarkrigane. Ættesamfunnet, der ætta eller klanen var einskildmennesket sitt tryggleiksnett, mista mykje av betydninga si. Trælsamfunnet, basert på ein slaveøkonomi, gjekk i oppløysing, og trælane vart sette fri.

Samla sett forsvann dermed strukturar som hadde halde samfunnet saman, og ein ny orden måtte etablerast.

Med kong Magnus, etter at følgjet til prinsesse Kristin kom tilbake frå Spania i 1258, skaut lovarbeidet fart.

I 1267 var ei ny lovbok ferdig, og ho vart vedtatt på Gulating, Eidsivating og Borgarting. I 1269 skulle arbeidet avsluttast på Frostating. Men slik gjekk det ikkje. Her hevda erkebiskop Jon Raude at kongen hadde gjeve lover i si lovbok som krenkte kyrkja sine rettar.

Frostating vedtok difor ikkje lovboka. Kong Magnus leid nederlag, og måtte byrja heilt på nytt.