Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 15: Den siste skalden

Kong Magnus var utdanna av fransiskanarane, han var sjukleg, det var aldri planen at han skulle verta norsk konge, og han følte truleg eit guddomleg kall. Man han hadde òg humor.

Då den svenske Birger jarl (som vi tidlegare har møtt i kappestriden om prinsesse Ingeborg si hand) bad skalden Sturla Tordsson verta med til Sverige, og skalden laug og sa han måtte reisa til Island for kong Magnus, skal Magnus ha snudd seg og flirt over den frekke løgna.

Han likte og historier.

Skalden Sturla Tordsson kom nær på kongen først etter at dronning Ingeborg hadde høyrt han fortelja ei historie om troll til mannskapet på skipet deira, og fekk han til å fortelja same historia til kongeparet.

Skalden kvad etter kroninga av Magnus at kongen var veltalande og ordglad. Kong Magnus var òg den siste norske kongen som hadde sin eigen skald ved hoffet.

https://open.spotify.com/episode/1cqXNol956dGInfwbid3tH?si=d2b8ce3f54fc49eb