Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 14: Den gamle krigaren døyr

Kong Håkon 4. låg for døden i desember 1263. Det vart lest bøker på latin for den døyande kongen, fram til han vart for sjuk og berre orka å høyra kongesogene opplesne.

Sommaren 1263 hadde den gamle krigaren reist ut på sitt siste krigstokt med den veldige flåten sin. Krigen vart verken vunnen eller tapt, og kongen døydde 59 år gamal i Kirkwall på Orknøyane.

Mars året etter vart liket frakta til Bergen, der kong Håkon 4. vart gravlagd. Kong Magnus heldt ein tale for faren under gravferda. Same våren sende han to fransiskanarmunkar med følgje til Skottland for å forhandla fram fred mellom landa.

Dermed kunne kong Magnus byrja på oppgåva han meinte Gud hadde gjeve han: forsoning og lovarbeid.