Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Gullbakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 11: Ein sjukleg konge

Ein grunn til at Magnus ikkje vart rekna som ein potensiell konge, var at han truleg var sjukleg. Kanskje var det årsaka til at han vart plassert hos fransiskanarane, sidan dei òg var dyktige innan medisin.

I 1261 vart Magnus brått sjuk etter ein ridetur, men vart frisk igjen med hjelp av biskopen i Oslo.

I 1272 var Magnus så sjuk at ein gjekk ut frå at han ville døy. Han fekk den siste oljen, men overlevde igjen.

Desse hendingane må ha forsterka inntrykket kongen hadde av at Gud sparte livet hans til eit større kall, nemleg lovarbeidet.