Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Kremhvit bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 1: Drapet i julehelga

Jula 1203. Kong Håkon 3. feira høgtida i Bergen. Stormenn og -kvinner var samla frå heile det norske kongedømet. På kvelden andre dag jul vart kongen sjuk. Kroppen hans svulma opp og vart blå. 1. nyttårsdag døydde kongen. 

Ein av dei som var til stades på julefeiringa, var enkjedronning Margrete. Ho hadde vore gift med kong Sverre, far til Håkon 3., men var berre stemor til kongen. No vart ho mistenkt for giftdrap.

Ho føreslo at ein av tenarane hennar skulle gå på glødande jern for å bevisa at ho var uskuldig. Dette var ein mykje brukt måte å overlata til Gud å visa kva som var sant eller ei på denne tida. 

Tenaren vart sterkt forbrent. Folk tok det som eit teikn frå Gud på at enkjedronninga faktisk hadde forgifta kongen. Ho måtte rømma landet, og tenaren vart drukna. 

Ingen visste då at den døde kongen hadde ein son som snart skulle verta fødd og verta tronarving…