Kva kan mellomaldermanuskripta fortelja oss?
PODKAST: Landslova av 1274 finst bevart i mange manuskript. Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida?
Manuskripta gjev oss informasjon om meir enn lovreglane dei formidlar. Gjennom illuminasjonar og teikningar, gjennom understrekingar, peikarar, margkommentarar, og så vidare, kommuniserer fortida sine skrivarar med notida sine lesarar.
Kva informasjon kan vi henta ut av denne dialogen med fortida: kva lærer vi om prosessen rundt og aktørane i produksjon av manuskript, om bruken av manuskripta, og om korleis lov vart formidla og brukt i samtida?