Dei norske byane og Bylova av 1276
PODKAST: I kva grad fall lov og rett for by og land saman og i kva grad var det faktisk skilt frå kvarandre i praksis?
Landslova av 1274 regulerte forholda på landet. I 1276 gav Magnus Lagabøter ei Bylov for Bergen, som seinare vart nytta av dei noko over 10 norske byane. Her finn ein reglar om særleg handel og spesielle byforhold som brann, vakthald, laste og lossereglar, og så vidare, ved sida av mange reglar som var like for land og by. Men kva norske byar fanst på siste halvdel av 1200-talet, kva gjorde at kongen gav lover for byane?