Historiske feltopptak av folkemusikk på ny CD frå Nasjonalbiblioteket

Utsnitt av CD-cover
Historiske opptak av langeleik frå Nasjonalbibliotekets samling blir no ugjeve på CD-en «Høyre du, mann!»

Heile 42 historiske feltopptak av langeleik blir no utgjeve på CD-en «Høyre du, mann!». Opptaka dokumenterer korleis folkemusikktradisjonen har utvikla seg gjennom fleire generasjonar.

  • 04.03.2021

Innspelingane av langeleik er gjort i dei fire tradisjonsområda Valdres, Hallingdal, Telemark og Gjøvik i perioden 1955–1983.

– Gjennom opptaka kan vi følgje speletradisjonane gjennom fleire generasjonar. Nokre av utøvarane kan føre familietradisjonane sine så langt tilbake som til 1700-talet, fortel forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Hans-Hinrich Thedens.

På CD-en kan ein mellom anna høyre verdas eldste daterte langeleikinstrument, Petter Hasvoldseters leik, som blei bygd i 1524.

I nokre familiar bygde ein instrumenta sjølve, medan andre kjøpte dei frå den kjende makaren Rudi.

– Sjølv om somme av utøvarane har vore instrumentmakarar, er dei fleste amatørar, og instrumentet har blitt brukt i heimen. Men dei har hatt konsertar og framføringar for lokalmiljøet og turistar. Dei har òg delteke på kappleikar, og nokre av opptaka er gjort i samband med dette, seier Thedens.

Musikken som spelast, er danseslåttar, frå halling til polka, klokkelåttar, lyarlåttar og visetonar.

Innanfor den kjende Valdres-tradisjonen er det innspelingar frå Vang, Vestre Slidre, Aurdal og Øystre Slidre. Dei eldste opptaka er frå Telemark, og dei yngste frå Gjøvik.

Opptaka er henta frå Nasjonalbibliotekets folkemusikksamling, og Thedens har stått for utvalet saman med Elisabeth Kværne ved Valdresmusea.

Platelansering på Nasjonalbiblioteket

«Høyre du, mann!» blir lansert med ei samtale på Nasjonalbiblioteket mellom Oddrun Hegge, Elisabeth Kværne og Hans-Hinrich Thedens, leia av Knut Aastad Bråten. Fleire av deltakarane er langeleikutøvarar, og det blir spela live under det digitale arrangementet, som blir strøymt på nb.no og Facebook tysdag 16. mars kl. 19.