Tilbud til skoler

Nasjonalbiblioteket inviterer vidaregåande skular på fleire ulike omvisingar i lokala våre på Solli plass. I tillegg tilbyr vi mange digitale foredrag som kan brukast på vidaregåande skular i heile Noreg. Tilbodet er gratis.

Skoleelever på besøk i Nasjonalbibliotekets faste utstilling «Opplyst». Foto: Gorm K. Gaare

Omvisingar i utstillingane på Solli plass

I haust er det siste sjanse til å få skuleomvising i utstillinga om Magnus Lagabøtes landslov ved Nasjonalbiblioteket. Vi tilbyr omvisingar for vidaregåande elevar dei tre første vekene av skuleåret, til og med fredag 6. september.

Frå og med veke 41 opnar vi opp igjen for skuleomvisingar i den populære utstillinga Opplyst. Glim frå ei kulturhistorie. Som i fjor kan du velje mellom seks ulike omvisingsruter for klassa di. Nytt av året er at besøket også vil omfatte eit relatert undervisningsopplegg om kjeldekritikk.

I Nasjonalbibliotekets kartsenter tilbyr vi omvisingar for skuleklasser gjennom heile hausten.

Digitale produksjonar til klasserommet

Kva betydning har media i krig? Kva slags stemmer og informasjon får vi tilgang til via redaksjonelle og sosiale medium? Med utgangspunkt i NRK sine radiosendingar frå 2. verdskrigen – bevart i Nasjonalbiblioteket sine samlingar – snakkar utanriksjournalist Amund Bakke Foss om media si rolle i historiske og samtidige krigar i det nye digitale skuleforedraget Journalistikk i krigstider.

Det vil også vere høve til å melde seg på populære digitale skuleforedrag frå tidlegare år, mellom anna Å heie på Nora, Lyden av tilhørighet og Kampen om naturen.

Pedagogiske opplegg til gjennomføring i klasserommet

Frå Nasjonalbiblioteket sitt skuletilbod kan du i haust også få tilgang til heilt nye oppgåvesett, utvikla spesielt til å passe saman med tre av dei digitale produksjonane våre. Oppgåvene er i utgangspunktet utarbeida for dobbelttimar og høyrer til foredraga Litterære kulturmøter i mellomalderen, Makt og tru i Noreg frå kristninga til reformasjonen og Kven bestemmer kva som er rettferdig?

Både digitale og fysiske arrangementer krev påmelding. Trykk her for å melde på klassa di!