Nasjonalbiblioteket haustar koronarelaterte nettsider for framtida

John Erik Halse er ein av medarbeidarane i Nasjonalbiblioteket sitt netthaustingsteam. Foto: Jan Inge Larsen

Nasjonalbiblioteket legg no ned eit stort arbeid i å hente ned norske nettsider som handlar om koronapandemien. Arbeidet starta allereie for to veker sidan, og omfattar meir enn 700 nettsider. Målet er at det meste som er publisert på nettet om koronautbrotet, skal vere sikra og tilgjengeleg for framtida.

  • 27.03.2020

– Netthaustingsteamet vårt brukar no alle ressursar for å hente ned koronarelaterte sider på nettet, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Dette arbeidet vil sikre at framtidas forskarar, journalistar og andre som lurer på korleis Noreg handla og takla koronaen i 2020, vil få eit rikt materiale å jobbe med. No sikrar vi ein god felles hukommelse på dette feltet òg.

Av dei meir enn 700 norske nettsidene Nasjonalbiblioteket haustar for saker om korona, er nesten 300 nettavis- og nyheitssider, alt frå dei store nasjonale avisene til små lokalaviser. For å dokumentere utvikling og lokale tiltak blir dessutan alle nettsidene til kommunar og fylkeskommunar hausta.

– På desse nettstadane hauster vi framsidene ein gong kvar time. Ein gong i døgnet haustar vi på fleire nivå, slik at vi også får med artiklar som ligg djupare inne i hierarkiet, fortel senioringeniør Thomas Langvann frå netthaustingsteamet.

– Vi har funne fram til ei rekkje andre nettsider som òg er relevante for å dokumentere koronakrisa, legg seksjonsleiar Gretel Westman til. – Vi hauster alt frå nettsidene til Helsenorge, Folkehelsesinstituttet, NAV og Avinor til bobilverden.no og Canariposten.no, for å nemne nokon få.

Ei rekkje musikarar har teke i bruk sosiale medium for å halde livekonserter no mens dei fysiske møteplassane er stengde for publikum. Desse plattformane krev innlogging, og Nasjonalbiblioteket har difor ikkje høve til å hauste her på same måte som på nettsider som blir rekna for å vere offentlege.

– Vi har no teke kontakt med sju ulike aktørar som arrangerer slike konsertar, mellom andre «Brakkesyke», «Koronerulling» og «Rock mot virus», og oppfordra dei til å sende oss opptak av konsertane, slik at vi kan bevare dei som dokumentasjon på korleis kulturlivet lever vidare i denne perioden, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.