Vårprogrammet: Memoarar, reisebrev og litterært råstoff frå arkiva

Nokre av gjestane på Nasjonalbiblioteket våren 2019

Hendingane som set spor i eit liv. Reisebrev frå framande hamner. Heimstaddikting og dialekttevling. Edvard Hoem, Solveig Kloppen, Pål Moddi Knudsen, Kåre Willoch, Birgitte Grimstad, Gunnar Stålsett, Kim Friele, Vigdis Hjorth, Don Martin og Gaute Heivoll er blant gjestene på Nasjonalbiblioteket fram mot sommaren.

  • 04.04.2019

Små og store hendingar, erfaringar som formar haldningar, tankar og ideal som skriv seg inn i den større forteljinga om oss. Korleis hugsar vi desse opplevingane når vi ser tilbake på dei?

– I ein heilt ny arrangementsserie inviterer vi forfattarar av memoarbøker til å fortelje om nokre av dei viktige hendingane i eigne liv og i vår felles historie, seier programsjef Eline Skaar Kleven. – Med Kåre Willoch og Kim Friele som dei første gjestene, får serien ein drøymestart.

Den 24. april skal Kåre Willoch fortelje om då han avtente verneplikta si i Tysklandsbrigaden i eit krigsherja Tyskland i 1948. Kim Friele vitjar Nasjonalbiblioteket den 13. mai for å dele erfaringar frå året 1963 – då ei reise med totusen-tonnaren «Alecto» og eit møte på ein benk ved Holmenkollbanen opna blikket hennar for ei anna verd. Direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Ida Berntsen leier samtalene.

I eit anna nytt samtalekonsept denne våren, møter nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre forfattarar som finn sitt litterære stoff i dei historiske arkiva. Den 22. mai møter han Edvard Hoem, som i eit langt forfattarliv har finkjemt arkiva til Nasjonalbiblioteket i jakta på materiale til biografiar, historiske skodespel og forteljingar frå si eiga slektskrønike.

4. juni er det igjen duka for «Levande brev». Denne gongen er det reisebrev frå kjende og ukjende nordmenn som er henta fram frå arkiva. Skodespelarane Gisken Armand, Mads Ousdal, Øystein Røger, Selome Emnetu og Lasse Kolsrud les brev om utferdstrong og heimlengt, skiftande vêr og framande hamner. Vigdis Hjorth leier publikum gjennom kvelden, medan Pål Moddi Knutsen rammar det heile inn musikalsk.

Dialekter på frammarsj

Nasjonalbibliotekets dialektshow fyller for femte gong storsalen den 15. mai. Det populære programmet «Høtt sa du?» med Linda Eide som programleiar og språkråddirektør Åse Wetås som dommar, blæs liv i det talemålske konkurranseinstinktet hjå både deltakarar og publikum. No er det forfattaren Tore Renberg og programleiar Solveig Kloppen som skal prøve seg, saman med dialektekspertane Brit Mæhlum og Martin Skjekkeland.

I den omreisande arrangementsserien «Dialektferda», dreg Dag og Tid og Nasjonalbiblioteket i fotspora til Ivar Aasen for å sjå nærare på korleis songtekstar har vore viktige for målføra i Noreg. Den 7. mai tek programleiar Håvard Rem for seg Oslo-målet saman med artistane Lars Lillo-Stenberg og Don Martin i Nasjonalbiblioteket.

Stader, fiksjon og historie

Litteratur kan forme ein stad, og staden formar litteraturen. På ein konferanse den 5. og 6. juni vitjar forfattarar som Sumaya Jirde Ali, Gaute Heivoll, Sigmund Løvåsen, Ingar Sletten Kolloen, Arnhild Skre og fleire Nasjonalbiblioteket på ein konferanse om forholdet mellom forfattar, verk og lokalsamfunn.

Dyr og planter si rolle i byutviklinga blir òg via eit seminar denne våren. Den 14. mai ser Nasjonalbiblioteket nærare på korleis dyr, flora og fauna sette sitt preg på den norske hovudstaden mot slutten av 1800-talet.

 Tonar om solidaritet og samfunnslag

Kva slags krefter kan ei vise sette i gang? Visesongar Birgitte Grimstad har i fleire tiår stått på barrikadane for toleranse, solidaritet og fredsarbeid. Der har vi òg funne biskop emeritus Gunnar Stålsett, som teolog, politikar og engasjert samfunnsrefsar. No møtest dei til samtale om fredsarbeid og forsoning, med musikken og ordet i handa, før Birgitte Grimstad speler viser frå sitt rikhaldige repertoar saman med Per Husby og Sigmund Groven.

Denne våren har Nasjonalbiblioteket henta fram gamle skillingsviser frå arkiva. Lenge var dei vårt einaste verkelege massemedium, men blei av mange rekna som annanrangs. Tre dagar før nasjonaldagen, den 14. mai, løfter programleiar Kari Slaatsveen fram skillingstrykket «Fædrelandssang», betre kjend som Bjørnstjerne Bjørnsons «Ja, vi elsker», saman med Erik Edvardsen, Anne Jorunn Kydland og operasongar Lydia Hoen Tjore.

Film, kunstnartekstar og boka som objekt

Tidsskriftet «Journal of Scandinavian Cinema» har via ein eigen temaseksjon til den norske regissøren Joachim Trier. Nasjonalbiblioteket ser i samband med dette på kvinnekarakterar, nærbilete, sjangergrep og skildringar av mental helse i nokre av filmane hans, med blant andre Søren Birkvad og Anne Gjelsvik som foredragshaldarar.

Kitty Kielland er best kjend som vår første store kvinnelege landskapsmålar, men i seminaret på Nasjonalbiblioteket den 12. juni er det skribenten Kielland som står i sentrum. Saman med Stavanger kunstmuseum lanserer Nasjonalbiblioteket tre kjeldeutgåver av breva hennar og inviterer til seminar om sjølvframstilling og samfunnsdebatt med utgangspunkt i breva.

I 2019 feirar vi 500-årsjubileet for den første norske trykte boka. På Nasjonalbiblioteket blir dette markert med ei rekkje fagseminar, til dømes 7. mai, når illustratør Trond Bredesen, professor i bokillustrasjon Hilde Kramer, forfattar Einar Økland og fleire tek for seg den fysiske, kunstnariske utforminga av boka som objekt. Til hausten kjem det òg ei stor bokhistorisk utstilling og fleire arrangement knytt til Bokåret 2019.

Bla i programmet her.