27
nov

Kortfilmkveld. Tilbake, men til kva slags natur?

Bilde fra filmen A Tale of Harvest
Bilde fra filmen A Tale of Harvest
Tirsdag 27. november 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Back to Sáivu: Samisk science fiction-film. Fem ungdommar bestemmer seg for å reise frå storbyen for å flytte tilbake dit slekta deira budde – tilbake til Sáivu. (Kortfilm, 20 min. Siljá Somby, 2001).

A Tale of Harvest: Eit surrealistisk eventyr for vaksne om ein mann sin draum og kampen han kjempar mot naturen for å få draumen til å bli verkeleg. (Kortfilm, 13 min. Aleksandra Niemczyk, 2010).

Glassballen: Glasballen handlar om kor skjør verda vår er. Ein baseball blir med ei enorm kraft slått ut i verdsrommet. Det blir eit kappløp mellom denne ballen sitt fall mot jorda (ballen endrar seg undervegs til ein jordklode) og ein fugl som i aukande panikk plukkar fjør frå eige bryst for å lage eit reir for å redde ballen. (Animasjon/kortfilm, 4 min. Anita Killi, 1992).

The Final Frontier: Mannskapet på romskipet The Final Frontier leitar etter intelligent liv. På reisa oppdagar dei plutseleg ein vakker, kvit planet. Vi fylgjer den spanande ekspedisjonen deira. (Animasjon/kortfilm, 8 min. Robin Jensen, 2014).

Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film».