To nye bygg styrker Nasjonalbiblioteket sitt arbeid med digitalisering av kulturarven i Mo i Rana

Det nye lydlaboratoriet og automatlageret til Nasjonalbiblioteket gir eit viktig løft til arbeidet med å sikre og gjere tilgjengeleg den norske kulturarven. No står dei to nye bygga klare, og 25. februar vart dei opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– I år er det 35 år sidan det dåverande Kyrkje- og kulturdepartementet kom med ideen om å bygge eit laboratorium som dette. Mykje har kome på plass sidan då, men dette løfter digitaliseringa til heilt nye høgder, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– Å sikre minnet vårt for ettertida på denne måten – det er heilt uvurderleg. Det som no blir digitalisert og gjort tilgjengeleg her i Mo i Rana, fortel litt av historia om kven vi er og kven vi har vore her i landet. Så dette er ein stor dag – ikkje berre for oss som lever i dag, men òg for alle som kjem etter oss!
Rom for meir digitalisering
Nasjonalbiblioteket har auka bemanninga med 70 nye tilsette for å kunne digitalisere kulturarvmateriale for alle museum, bibliotek og arkiv i Noreg. Dei nye bygga gir plass til denne store satsinga.
– Desse anlegga gir oss moglegheit til å digitalisere kulturarvmateriale i eit heilt nytt omfang. Vi kan jobbe meir effektivt, med høgare kapasitet enn nokon gong før, seier assisterande nasjonalbibliotekar Trond Myklebust.
Gode dimensjonar
Dei to nybygga utgjer totalt 4 500 kvadratmeter og gir rom for utvida digitalisering og bevaring av kulturarven.
Automatlager 3 (ca. 2 500 m²) inkluderer
- ny logistikksentral for mottak av arkivverdig materiale
- fryserom for skånsam nedkjemping av skadedyr
- automatisk lagringsløysing for mellomlagring
- etasje dedikert til digitalisering av bøker, tidsskrift, aviser og arkivmateriale
- kulvertsamband til fjellanlegget, tilpassa sjølvkøyrande robotar (AGV)
- ny tilkomstveg for levering av arkivverdig materiale

Lydlaboratoriet (ca. 2 000 m²) består av
- lyddigitaliseringsrom og lydstudio
- kontor- og arbeidslokale
- mottak og handteringsområde for lyddigitalisering
- lager for lydavspelingsutstyr
- heisautomat for skånsam oppbevaring og flytting av følsamt utstyr

Lydlaboratoriet er eit teknisk avansert bygg med strenge krav til akustikk og inneklima. I tillegg er det bygd ein ny garasje og ei gangbru som bind automatlager 3 saman med resten av bygningsmassen.
Byggeprosessen
Statsbygg fekk i 2020 oppdraget med å planlegge prosjektet, og bygginga starta i 2022. Med ei kostnadsramme på 317 millionar kroner vart anlegga ferdigstilte innanfor både tidsplanen og budsjettet.
– Det er ei stor glede for meg å representere Statsbygg når vi no markerer ferdigstillinga av automatlager 3 og lydlaboratoriet i Mo i Rana – innanfor tid og kostnadsramme, seier avdelingsdirektør i byggherreavdelinga, Merete Hoff.
– Prosjektet fekk «Den gylne hjelm» i 2023 for godt utført arbeid med tryggleik, helse og arbeidsmiljø (SHA/HMS), fortel ho.
Kunstutsmykking
Til fasaden på lydlaboratoriet har kunstnaren Sverre Gullesen utvikla eit stort og integrert verk med utgangspunkt i lyden frå dei første voksrullopptaka av folkemusikk som finst i arkivet til Nasjonalbiblioteket. Inne har han montert ein veggskulptur i betong. Verka er kuraterte av KORO.
– Sverre Gullesen er fødd og oppvaksen i Mo i Rana. At kunstprosjektet har denne lokale forankringa, er noko vi er litt ekstra stolte av, seier direktør Øystein Strand i KORO.
Lokale entrepenørar
MBA AS har vore totalentreprenør, og Haaland AS har vore totalteknisk underentreprenør. Begge er lokale verksemder i Mo i Rana.