Arrangement
11
mar

Etande foredrag: innmat

Innmat av en kalkun, med hjerte, nakke og lever
Råvarer kalkun oppdelingsguiden. Foto: Esten Borgos, www.matprat.no
Tirsdag 11. mars 2025, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Begrenset plass

Lungemos, blodpudding, innmatskaker og leverpostei er alle eksempel på gamle retter, laga for å nytte heile dyrekroppen: kjøt, bein og indre organ. Men jo rikare vi har blitt, dess mindre innmat har vi ete. I dette foredraget fortel Eva Narten Høberg om statusen til innmaten før og no.  

Undervegs i foredraget blir det servert munnfullar tillaga av Credo, slik at vi får smake på mat frå fortida og kanskje framtida.  

Eva Narten Høberg er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og fagansvarleg for den høgare yrkesfaglege utdanninga «bærekraftige matopplevelser» ved Nordland fagskole. I tillegg driv ho gardsbruk på Helgelandskysten.   

Arrangementet er gratis, og du kan hente ut billett her!

  
Dørene til Målstova opnar ein halvtime før start. Det er førstemann til mølla for å få plass i Målstova. Blir det fullt, får du plass i ein annan sal der arrangementet blir strøymt til storskjerm. Det er berre i hovudsalen det blir servert smaksprøver. Arrangementet blir også strøymt her.
   
Nasjonalbibliotekbaren ved CREDO held ope. Der får du servert mat og drikke forankra i norsk matkultur. Det er tillate med mat og drikke i arrangementssalane på biblioteket.  
   
Velkommen!