Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er kjend for å prøve å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Lova omtaler borgarkrigsperioden som ei «villfaringståke», og innførte eit forbod mot ættehemn, det vil seie at det fra nå av berre var lov å hemne seg på gjerningsmannen, ikkje på hans frendar. Men kor valdeleg var samfunnet før lova blei innført?
I det fyrste foredraget diskuterer Hans Jacob Orning, professor i mellomalderhistorie, dette spørsmålet ut frå ein tese om at samfunnet før Landslova var nokså fredeleg, men at menneska hadde andre haldingar til kva vald var, enn det som kjem til syne i Landslova.
Magnus Lagabøte var sterkt inspirert av kristen tenking, og Landslova ber preg av dette, sjølv om Magnus og kyrkja ikkje vart samde om korleis kristenrettane skulle formulerast i Landslova. I det andre foredraget vil professor Sigrun Høgetveit Berg sjå på korleis Landslova og kristenrettane forsøkte å regulere ekteskap, samliv, og seksualåtferd og korleis lovene såleis påverka dei nære relasjonane til folk flest, fattig som rik.