Fosseforedraget skal haldast av Jean-Luc Marion 

To menn på grønn bakgrunn
Filosof Jean-Luc Marion (foto: Gorm K. Gaare), og forfatter Hinrich Schmidt-Henkel (foto: Ebba D. Drolshagen)

Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion er invitert til å halde det fyrste Fosseforedraget, og den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel er kåra til vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2025. 

Etter invitasjon frå Kongehuset vil Fosseforedraget og utdelinga av Fosseprisen finne stad på Slottet, torsdag 24. april 2025. 

Regjeringa har oppretta prisen og foredraget som ei heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse, og arrangementet er i regi av Nasjonalbiblioteket. Dette er fyrste gong Fosseforedraget finn stad og Fosseprisen for omsetjarar vert delt ut, arrangementet skal vere årvisst.

Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar og for dei to utmerkingane.

– Med dette arrangementet vil vi synleggjere litteraturens kraft og rolle i samfunnet. No har vi eit framifrå utgangspunkt for å skape ein ny kulturell møteplass som inspirerer til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Foredragshaldaren og omsetjaren står i ei internasjonal særstilling på kvart sitt felt. 

Foredragshaldar: Jean-Luc Marion


Jean-Luc Marion (f. 1946) er ein fransk filosof og teolog som sit som ein av «dei udødelege» i Det franske akademiet. Han er professor emeritus ved Sorbonne og Universitetet i Chicago, og tidlegare student av Jacques Derrida.

– Jean-Luc Marion er ein av Europas fremste intellektuelle, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. – Perspektivet hans vil vere med på å utvide og inspirere tenkinga rundt litteratur i Noreg. Vi er svært glade for at Marion har takka ja til å halde det aller første Fosseforedraget. 

Marion har skrive om visuell kunst og har eit nært forhold til litteraturen. Som teolog og filosof kan han sjå litteraturen frå ein unik ståstad, noko som samsvarer med intensjonen om å setje tenkinga i fokus og utforske litteraturen frå ulike perspektiv og med ulike stemmer.

– Han lagar eit veldig solid rom for litteratur når det gjeld å forstå og oppleve livet eller lære noko, for eksempel om kjærleik, og om Gud for den saks skyld, seier Jon Fosse.

Det er Nasjonalbiblioteket som har peika ut foredragshaldaren etter innspel frå ei rekke nasjonale og internasjonale aktørar.

Prisvinnar: Hinrich Schmidt-Henkel


Den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel (f. 1959) er djupt engasjert i norsk litteratur og har omsett ei rekkje norske forfattarar, mellom anna Kjell Askildsen, Jon Fosse, Henrik Ibsen, Ruth Lillegraven, Cecilie Løveid og Tarjei Vesaas. 

– Tyskland har tradisjonelt vore det viktigaste landet for omsett norsk litteratur og i mange år har Hinrich vore den viktigaste tyske omsetjaren, så eg synast dette er eit heilt opplagt val, seier Jon Fosse.

NORLA (Norwegian Literature Abroad) er det faglege rådet for utdelinga av omsetjarprisen, som er blant dei største i verda. Prisvinnaren er peika ut av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA.

– Schmidt-Henkel har ein imponerande og allsidig bibliografi innan prosa, drama, poesi og barnebøker. Rolla han har spelt for norsk litteratur i utlandet står i ei særstilling, seier direktør i NORLA, Margit Walsø. 

Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar vil bidra til å plassere Noreg enda tydelegare på det internasjonale litteraturkartet. 

Informasjonen er basert på ei pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet.