Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar
På Nasjonalbiblioteket kan du vere med på ei rekkje arrangement 24.–26. april, i samband med den aller første tilstellinga.
Scroll down for English version.

Torsdag 24. april går det første Fosseforedraget av stabelen på Slottet. Den franske filosofen Jean-Luc Marion vil halde det nyskrivne foredraget Skaping, før kronprinsesse Mette-Marit deler ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til tyske Hinrich Schmidt-Henkel.
Den norske musikaren og komponisten Anja Lauvdal framfører eit nytt verk for trøorgel og synth, inspirert av teksten til Marion. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leier tilstellinga.
På Nasjonalbiblioteket i Oslo kan du følgje heile seremonien i ei direktestrøyming frå Slottet.
Teksting tilgjengeleg på nynorsk og engelsk / Subtitles available in Norwegian and English.
Teksting tilgjengeleg på nynorsk, tysk og engelsk / Subtitles available in Norwegian, German, and English.
Teksting tilgjengeleg på nynorsk og engelsk / Subtitles available in Norwegian and English.
Kva skjer?
Har du spørsmål om Fosseforedraget og/eller Fosseprisen?
Ta kontakt med prosjektkoordinatoren vår, Martine Jonsrud eller presseansvarlig Nina Bræin
martine.jonsrud@nb.no / (+47) 45 11 16 35
nina.brain@nb.no / (+47) 95 15 09 12
Need information in English?
Please visit our Fosse press site or get in touch with us via the contact info listed above.