Internasjonal designpris til Nasjonalbibliotekets jubileumsutstilling for Landslova
Nasjonalbibliotekets utstilling Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024 har vunne gull i kategorien «Better futures» ved London Design Awards 2024.
Det London-baserte arkitektur- og designbyrået Nissen Richards Studio har i tett samarbeid med Nasjonalbiblioteket formgitt utstillinga.
– Nissen Richards Studio lagar utstillingsdesign i særklasse. Formgivinga deira er ei estetisk oppleving i seg sjølv, der alle elementa er med på å løfte fram kunnskapen og verdien av det materialet vi i Nasjonalbiblioteket vil formidle til publikum. Eg er stolt av utstillingane vi har skapt i det lange og gode samarbeidet med Nissen Richards, seier utstillingsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Marte-Kine Sandengen.
I utstillinga kjem publikum tett på eineståande, handskrivne dokument som Gulatingslova, Heimskringla og nokre av dei vakraste eksemplara av Landslova. Fleire av dokumenta i utstillinga er synlege for eit norsk publikum for første gong sidan mellomalderen. Utstillinga Med lova i hand er laga i samband med Landslovjubileet 2024.
Nær 30 000 har besøkt utstillinga sidan den opna 1. februar, og det har vore ventelister for å delta på omvisingane. Utstillinga blir ståande i Nasjonalbibliotekets lokale på Solli plass i Oslo fram til 15. september.
Les meir om prisen og korleis utstillinga er utforma på nettsidene til London Design Awards 2024.