Klede og gjenstandar i fiskeskinn har vore vanleg i mange samiske og kvenske samfunn i lange tider, og det har blitt nytta fisk som laks, aure, torsk, hyse og steinbit.
I denne verkstaden lærer vi om dette tradisjonshandverket av Lea Marie Mikkelsdatter Lund og duojár Hilde Marie Lund. Dei har skrapa, vaska og tørka skinn som dei tar med på verkstaden. Der fortel dei om dei ulike delane av prosessen, samtidig som vi får sy eit armband i fiske- og reinskinn og pynte det med kråkesølv.
Verkstaden har plass til 15 deltakarar og varer i to og ein halv time. Du kan hente ut gratisbillett her:
10:00 – 12:30: Verkstad i duodji
13:30 – 15:00: Verkstad i duodji
Vi frigjer plassane til dei som ikkje har møtt opp, fem minutt før verkstaden tar til.
Verkstaden er ein del av handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder med foredrag, panelsamtalar og verkstader. Alle arrangementa på festivalen er gratis.
Sjå meir om heile programmet her!
Velkomen!