Handverksfestival
14
sep

Plantesanking og salvelaging 

En hånd plukker store grønne blader.
Urtehagen på Domkirkeodden. Stillbilde.
Lørdag 14. september 2024, at 10:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket
Gratis, krever påmelding
Sjå påmeldingslenkje i saken

Bli med gartnar Hildur Hauksdóttir på leiting etter marikåpe, skvallerkål og groblad.

På denne vandringa i området kring Nasjonalbiblioteket plukkar og lærer du om planter som mellomaldermenneska brukte på kjøkkenet, til medisin og magi. Etter sankinga lagar vi ei lækjande salve til å ta med heim.   

Kurshaldar Hauksdóttir arbeider til dagleg i klosterhagen på Domkirkeodden på Hamar, der ho går til norrøne kjelder for å finne fram til kva for planter og oppskrifter folk har nytta seg av.   

Det er plass til 20 deltakarar per kurs, og du kan melde deg på her:
Gruppe 1: 10:00-11:30 
Gruppe 2:13:30-15:00 

Oppmøte på trappa ved hovudinngangen til Nasjonalbiblioteket. Fem minutt før kurset startar, gir vi plassen til dei som ikkje har møtt, vidare til dei på ventelista.   

Kurset går føre seg ute, så kle deg etter veret.  

Verkstaden er ein del av handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder med foredrag, panelsamtalar og verkstader. Alle arrangementa på festivalen er gratis. Sjå meir om heile programmet her!

Velkomen!