Handverksfestival
13
sep

Høgtlesing: Soga om Partalopi, ein riddarroman om trolldom og kjærleik.      

En illuminasjon fra Codex Manesse fra 1305, viser et kjærestepar som smiler og omfavner hverandre
Illuminasjon fra Codex Manesse (1305 – 1340)
Fredag 13. september 2024, at 20:00 – 21:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Ingen påmelding, avgrensa plass

Soga om Partalopi er ein av fleire tekstar som blei omsett frå fransk til norrønt i mellomalderen. Soga handlar om prinsesse Marmoria som lokkar til seg den kjekke riddaren Partalopi heile vegen frå Frankrike til Miklagard.   

Denne kvelden i Målstova får du oppleve skodespelar Carl Martin Eggesbø lese frå den forunderlege historia, slik som skaldar fortalde ho i lystige lag i mellomalderen. På scenen har han med seg lydkunstnaren Piggsopp, som set stemningsfull musikk og lyd til forteljinga. Før høgtlesinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i kva som gjer historia spesiell, og om kva litteraturen frå denne tida kan fortelje oss om romantikk og moral i mellomalderen.  

Eriksen frå UiO er spesialist på litteratur frå mellomalderen og har nyleg gitt ut boka Oversatt litteratur i middelalderens Norge – litteratur, samfunn og politikk (2024, Cappelen Damm).   

Skodespelar Eggesbø er kjend frå TV-seriene Skam og Pørni, og filmer som Den største forbrytelsen. Dei siste åra har han vore tilknytta Det Norske Teatret. 

Du treng ikkje billett, og arrangementet er gratis. Vil du sikre deg plass i salen, bør du likevel vere tidleg ute. Vi strøymer òg arrangementet i ein annan sal på huset om det skulle bli fullt. Den trivelege kafeen vår er open heile kvelden, og der står Piggsopp for musikken.  

Framsyninga er ein del av handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket, der temaet i år er nordisk mellomalder, med foredrag, panelsamtalar og verkstader.   

Sjå meir om heile programmet her!   

Velkomen!