Journalistikk i krigstider

Ved Amund Bakke Foss
Varar i ca. 30 minutt
Tilgjengeleg frå 10. september

Meld på klassen her

Kva betydning har media i krig?

Under andre verdskrigen vart NRK sine radiosendingar laga i London. Nyheitsankeret Toralv Øksnevad vart kjend som «stemma frå London», og fortalde mellom anna lyttarane om nazistane sin landgang i Noreg 9. april 1940. I 2024 har vi ikkje berre éin nyheitskanal i landet. Og når krigshandlingar skjer i Ukraina, Kongo eller på Gaza, les vi kanskje ikkje ein gong om det i eit tradisjonelt nyheitsmedium, men like gjerne via sosiale medium.

Kva er reglane for ytringsfridom og sensur i dei redaksjonelle media i dag? Og kva med ikkje-redaksjonelle medium som Instagram og Tiktok? Kva slags informasjon og kva slags stemmer får vi tilgang til via ulike appar og nettsider?

I dette foredraget utforskar utanriksjournalist Amund Bakke Foss ulike spørsmål knytt til media si rolle i dagens krigar. Bakke Foss jobbar til dagleg som fagleiar for utanriks i VG.