Landslova gjorde det lov for fattigfolk å stele

– Kanskje det mest radikale grepet i heile Landslova.

Magnus Lagabøtes landslov kan på mange måtar sjåast som ein overgang frå ei brutal tid prega av hemn og barbari til eit samfunn basert på meir humane verdiar. Var du arbeidsufør og svolten, skulle du ikkje straffast om du stal mat, ifølge Landslova.

Men korleis var lovene før Magnus Lagabøtes landslov?

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre tar for seg nokre av dokumenta frå utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024. Av dei gamle lovbøkene som gjaldt i Noreg før Landslova blei innført i 1274, er dette den einaste som fullt ut har overlevd: eit eksemplar av den eldre Gulatingslova. Eigaren er Det Kgl. Bibliotek i København.

Kanskje du også har interesse av desse: