Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar

En mannn og en kvinne som står bøyd over et bord og ser på bøker, papirer og hefter som ligger der.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre viser kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery Nasjonalbibliotekets samling av Fosse-materiale.

Fosseforedraget skal, i tråd med virket til Fosse, setje litteraturen og dramatikken i seg sjølv på dagsordenen. Forelesaren vil vere ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som yter eit viktig bidrag til forståing eller formidling av litteratur på verdsbasis.  

Fosseprisen skal delast ut i samarbeid med NORLA, og vil gå til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Prisen skal vere ei hyllest til omsetjarar som arbeider med det norske språket, og som i virket sitt er med på å gjere norsk litteratur tilgjengeleg internasjonalt. 

Med Fosseforedraget og -prisen får vi ein ny årleg kulturtradisjon som bringar verdslitteraturen til Noreg og norsk litteratur til resten av verda.