Arrangement
13
feb

Folket les landslova

Fire mennesker, tre kvinner og en mann står foran en bokhylle på Nasjonalbiblioteket. De står med hver sin utgave av folkeutgaven av Magnus Lagabøtes landslov.
Tirsdag 13. februar 2024, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Folket les landslova
Gratis
Uavhenta billett blir frigitt 5 minutt før arrangementstart.

I år feirar vi Magnus Lagabøtes landslov. I denne lovsamlinga ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet i Noreg. Men kva står eigentleg i denne lovboka?

Landslova inneheld reglar som regulerer eigedomsrett, giftemål og skilsmisser, arv, æresvald og jakt og fiske – for å nemne noko. No har vi endeleg fått ei folkeutgåve av Landslova, omsett til moderne bokmål, og med rettleiande ordforklaringar, slik at alle kan lese og forstå ho. 

Vi har gitt teksten til tre lesarar med svært ulik bakgrunn: satirikar og komikar Javad El Bakali, jurist og mangeårig leiar av Den Norske Nobelkomite Berit Reiss-Andersen, og filmregissør Yngvild Sve Flikke.  

Denne kvelden møter dei kvarandre for å diskutere kor folkeleg dei meiner den nye utgåva av Landslova har blitt, og kva ho fortel om oss – på godt og vondt. Før lesesirkelen får du òg møte han som har brukt det siste året på å omsetje lovtekstane frå eldgamal tekst til moderne språkdrakt, historikar Jo Rune Ugulen Kristiansen

Ordstyrar for kvelden er forfattar, journalist og norrønfilolog Carline Tromp.  

Sjølv om arrangementet i Målstova er fullteikna, er det framleis mogleg å oppleve kvelden hos oss! Vi overfører sendinga direkte på storskjerm i andre rom på Nasjonalbiblioteket.

Hent gratis billett her: Overføring til storskjerm! 

Arrangementet er gratis, og du kan strøyme det her på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.

Utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274-2024» er åpen fra klokken 09:00 til 21.00 (10 – 18.00 på laurdager). 

Sjå heile jubileumsprogrammet her!

Velkomen!