Arrangement
1
feb

Festopning for Landslovjubileet

En konge tar i mot innbundne bøker. En mann gir fra seg innbundne bøker til kongen.
Codex Hardenbergianus, Magnus Lagabøtes landslov (1325 – 1350) Foto: Gorm K. Gaare, Nasjonalbiblioteket
Torsdag 1. februar 2024, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Arrangementet er fullteikna!

Velkomen til 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov!  

Feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap på scena av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og filolog Magnus Rindal, som har omsett lova frå norrønt til nynorsk i ei ny praktutgåve. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl kjem i kveld og held innlegg. Du får òg høyre utdrag frå den historiske boka, Kim Rysstad skal kvede, og mellomalderensemblet Modus speler musikk.  

I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett. Landslova står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå norsk historie. Det skal vi feire på Nasjonalbiblioteket gjennom heile 2024, med utstilling, podkast, foredrag og samtalar om kva Landslova har hatt å seie.  Sjå heile programmet her!

Festopninga er gratis, og du kan strøyme ho her på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.

Sjølv om festopninga i Målstova er fullteikna, er det framleis mogleg å oppleve kvelden hos oss! Vi overfører sendinga direkte på storskjerm i andre rom på Nasjonalbiblioteket.

Hent gratis billett her: Overføring til storskjerm! (Fullteikna!)

Utstillinga «Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274-2024» er åpen frem til klokken 22.00 (18.00 på laurdager).