Landslovjubileet 2024

Bildet viser en illustrasjon av Magnus Lagabøte representert med et kongehode med krone. Illustrasjonen er i gull med hvit skrift. Teksten leser Landslovjubileet og tallene 1274 og 2024 som understreker landslovens 750-års jubileum.

Lova som forandra Noreg

I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Nasjonalbiblioteket er nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024, og gjennom året vil vi markere og formidle dette over heile landet.

For å forstå vår eiga tid, og kunne seie noko om framtida, må vi kjenne fortida. Landslovjubileet 2024 markerer starten på arbeidet med å gjere den intellektuelle sida ved norsk mellomalderhistorie til ein del av den felles forståinga vår.

Jubileumsprogram

Utstilling

Utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024  blir ein sjeldan moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For fyrste gong har vi samla eineståande handskrivne bøker laga i Noreg i mellomalderen, som hittil har vore i utanlandske samlingar.

Frå 1. februar til 14. september gjer vi denne gløymde delen av norsk kulturhistorie tilgjengeleg for publikum i Noreg. 

Illuminasjon fra Magnus Lagabøtes landslov.
Fem middelalderkvinner i oransje og gule klær. En liten baby. Blå bakgrunn.

Arrangement

I jubileumsåret byr Nasjonalbiblioteket på eit rikt arrangementsprogram. Få med deg festopning, foredrag og samtalar om alt frå kvinneliv i mellomalderen til eit krasjkurs i mellomalderen på 90 minutt. Det blir mellomaldersk spelkveld med ei Dungeons & Dragons-økt basert på Landslova, og ei folkelesing av lova. 

Podkast

«Dømt – skjebner fra middelalderen» er ein samtalepodkast med historieforteljande element som tar utgangspunkt i verkelege rettssaker frå mellomalderen. Kvar episode tar utgangspunkt i ei historie om nokon sitt møte med det norske rettsvesenet på 1300- og 1400-talet, etter at Magnus Lagabøtes landslov blei innført i 1274.

Programleiarane Aslak Sira Myhre og Ole-Albert Rønning Nordby bruker desse historiene til å fortelje om ulike aspekt ved det norske mellomaldersamfunnet. Dei tar opp tema som kyrkja si makt, klasseskilnader, økonomi og – sjølvsagt – juss.   

Premiere 23. januar!

Bilde til podkasten Dømt — skjebner fra middelalderen. Kvinne med sverd. Mann med øks. Eikeblader og fugler.
Bildet viser en bokside fra landsloven til Magnus Lagabøte. Det inneholder en turkis illuminasjon med elementer i gull og tekst i sort og blått.

Utgivingar

I løpet av jubileumsåret kjem fleire bokutgivingar frå Nasjonalbiblioteket. Det er laga ei praktutgåve av Landslova som du kan førehandsbestille no, og den 13. februar lanserer vi ei folkeutgåve av lova i bokmålsomsetjing.  

Skuletilbod

Står vi nærare eller fjernare lovgivinga i dag enn det folk på kong Magnus Lagabøte si tid gjorde? På kva måtar merka ulike samfunnsgrupper endringane som lova førte med seg? Kva innverknad har lova hatt på det norske samfunnet i dag? 

Les meir om tilbodet vårt til vidaregåandeelevar på skulesidene våre. 

Illustrasjon av kongen og biskopen i Magnus Lagabøtes landslov

Kva er Landslova av 1274?

I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren».

Magnus Lagabøtes landslov står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå Noreg i mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Landslova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen. På same tid var ho påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. For første gong fekk kvinner arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølv, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Retten til å ferdast fritt i og hauste av naturen, som vi finn igjen i vårt eige daglegliv, er nedfelt i Landslova.

Landslova er dermed eit symbol på ein del av norsk historie vi ofte gløymer. I mellomalderen var Noreg nært knytt til Europa. Den norske kongefamilien var gifta inn i europeiske kongehus, den norske eliten utdanna seg ved universitet i Italia og Frankrike, og norske prestar og biskopar var i tett kontakt med paven i Roma.

Utan denne kontakten med Europa hadde ikkje den første felles lovboka i Noreg blitt til. Tankar og idear reiste nordover, og menneska som levde i Noreg i mellomalderen, gjorde dei til sine eigne. Historia om Magnus Lagabøtes landslov er ein del av historia om korleis vi blir oss sjølv i møte med andre – og om korleis Noreg etter kvart blir til det Noreg vi kjenner i dag – i samspel med verda som ligg utanfor. 

Magnus Lagabøtes landslov, Codex Hardenbergianus, fotografert i utstillingen Opplyst på Nasjonalbiblioteket. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Landslovjubileum-logo i gull med Magnus Lagabøte med krone i midten.

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkande lova i Europa. Lova gjaldt i Noreg gjennom 400 år. Med Landslova fekk Noreg ei lov som kombinerte eit nytt tankesett frå kontinentet med den norske tingtradisjonen. I denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Magnus Lagabøte blei fødd i 1238 som yngste son av kong Håkon Håkonsson og dronning Margrete Skulesdotter. Rolla som konge var eigentleg tiltenkt Magnus sin eldre bror, men då broren brått døydde i 1257, blei Magnus tronarving.

I 1263 tok han over trona, og som konge stod Magnus bak eit omfattande lovarbeid som er utan sidestykke i norsk historie. I dette prosjektet samla, strukturerte og moderniserte kongen og rådgivarane hans lovene som gjaldt for fattig og rik, i by og land, og til og med på dei forblåste øyene i Atlanterhavet som var under norsk kontroll.

Etter at han døydde i 1280, blei han derfor kalla Magnus Lagabøte – kongen som hadde forbetra lovene.

Nasjonalbiblioteket markerer jubileet med ei stor utstilling, fleire bokutgivingar og eit rikt formidlingsprogram. Vi samarbeider med Kulturhistorisk museum, Stortinget, Noregs Høgsterett og Dei kongelege samlingane om ei felles markering i Oslo.

Nasjonalbiblioteket har lenge jobba for å auke interessa for og kunnskapen om denne delen av norsk historie, mellom anna ved å låne heim verdifulle manuskript og forske på Landslova og resten av lovgivinga til Magnus Lagabøte.