Luke 24 — Himmelsk song: Julekalender om Magnus Lagabøte
Ein julekalender om Magnus Lagabøte
Luke 24: Himmelsk song
I 1280 døydde kong Magnus Lagabøte.
Han hadde då ikkje berre fullført Landslova av 1274, men stod bak Bylova av 1276, Hirdskrå – som var ei slags hoff- og administrasjonslov – og den islandske lovboka Jónsbók.
Magnus rakk så vidt å sjå den islandske lovboka verta send av garde før han døydde 9. mai 1280.
Etter eige ønske vart han ikkje gravlagd saman med andre kongar i Kristkyrkja i Bergen, men i St. Olavskyrkja til fransiskanarane, der han vart utdanna. Her vart han truleg lagd til kvile i koret, saman med dronning Ingeborg. I det som i dag er domkyrkja i Bergen, ligg dei to framleis.
Omgjevne av himmelsk song.