Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 19: Kamuflerte reglar

Radikale idear møter raskt motstand.

At unge kvinner i stor grad skulle bestemma kven dei skulle gifta seg med, og skulle få eiga og disponera over eigen eigedom, var ein slik radikal idé som vart gjennomført i Landslova.

Det same var ideen om at fattige hadde krav på almisser, og at det difor ikkje var eit tjuveri om dei som stal, var fattige som ikkje kunne finna seg arbeid.

Men dei radikale reglane vart kamuflerte gjennom at dei vart fletta inn i kjende reglar henta frå gamal, norsk rett.

Den som kom inn i kong Magnus sin administrasjon og stod for dette arbeidet, var Audun Hugleiksson. Han må ha studert på universitet sør i Europa, samstundes som han var den kunnigaste i eldre norsk rett.

Audun var smart og levde eit eventyrleg liv. I 1295 forhandla han for eksempel fram ein trippelallianse mellom Frankrike, Skottland og Noreg. Samstundes lurte han den franske kongen for ein formue.

Audun Hugleiksson vart hengd i 1302, utan at nokon veit kvifor.