Kven bestemmer kva som er rettferdig?

Videoforedrag med oppgåvesett

  • Foredrag ved Ole-Albert Nordby, 30 minutt
  • Oppgåvesett og med læringsressursar

Tilgjengeleg frå 26. august

Historikaren Ole-Albert Nordby tek i sitt foredrag opp spørsmål knytt til lovgiving og medråderett frå vikingtida og fram til i dag. Står vi nærare eller fjernare lovgivinga i dag enn folk gjorde på kong Magnus Lagabøte si tid?

Då kongen fekk skrive Landslova i 1274, var det første gongen norsk lov var bestemt av éin konge, ikkje av diskusjonar mellom menn på tinget. Under det danske eineveldet fullenda kong Fredrik 3. kongeleg kontroll over loven ved å fjerne alle avgrensingar på eiga makt. Den norske grunnloven av 1814 hadde derimot som mål å svekke kongen si makt. Kor står vi i dag? I kva grad kan vi påverke dei lovane og reglane som styrer liva våre?

Dette lærer elevane

Ekstra ressursar

I denne lista finn du lenker til ekstra ressursar du kan nytte i undervisingsopplegg knytt til Magnus Lagabøtes landslov.