Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 13: Kroninga av Magnus

Magnus vart krona som norsk konge av erkebiskopen tre dagar etter at han vart gift med Ingeborg. Det vart halden stor fest 14. september 1261 i både Håkonshallen i Bergen, i den gamle trehallen som stod ved sida av, og i eit stort telt på slottsområdet.

Det skal ha vore det største bryllaupet i Noreg til den tid.

Etterpå reiste kongen og dronninga til Utstein kloster utanfor Stavanger, der Magnus budde på den tida. Året etter fekk dei sonen Olav, som døydde seinare i 1262. Men sønene Eirik, fødd i 1268, og Håkon, fødd to år seinare, vaks opp.

I 1271 vart det bestemt at Eirik skulle vera konge når faren døydde, og Håkon hertug over Austlandet, Agder og Ryfylke. Dei to kom til å styra Noreg etter kvarandre i nesten 40 år, frå 1280 til 1319. Særleg Håkon 5. vart sjølv ein stor lovgjevar.