Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 12: Kappløp om dronninga

Det er påfallande at Håkon 4. ikkje såg til at Magnus vart gift etter at han vart hylla som konge i 1257.

Mest truleg skuldast det at den sjuklege Magnus framleis ikkje var meint å verta konge – han skulle berre vera formyndar for nevøen Sverre til han kunne ta over kongetrona.

Først då Sverre døydde, la kong Håkon 4. planar for Magnus sitt bryllaup. Den danske prinsessa Ingeborg sat då i kloster i Danmark etter at far hennar vart myrda av sin eigen bror i striden om den danske kongetrona.

Biskopen i Oslo vart send til Danmark for å føreslå giftarmålet for prinsessa. Dit var òg den svenske Birger jarl på veg, i same ærend.

Så det hasta.

Prinsessa måtte velja om ho ville verta med nordmennene i hu og hast, utan tid til å pakka alle tinga sine, eller venta på svenskane. Ho vart med til Noreg heller enn ei tvungen framtid i kloster.

Ingeborg og Magnus vart gift i Kristkyrkja i Bergen i 1261.