Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Turkisblå bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 7: Ein brann og eit mirakel  

Lenge var prins Magnus den usynlege kongssonen. Då faren sin storslagne kroningsfest fann stad, var han ikkje eingong invitert. Det var broren Håkon Unge, som var den eldste kongssonen, og som allereie vart hylla som tronarving i Trondheim.

Tronarvingen fekk sjølv sonen Sverre i 1252. Dermed vart prins Magnus skuva endå eit hakk ned i arverekkjefølgja. Men i 1248 skjedde noko som overtydde Magnus om at han var esla til noko stort.

Lynet slo ned i huset i Bergen han oppheldt seg i. Men som ved eit mirakel vart lynet slått av husveggen og trefte ei skipsmast, som ramla ned og drap ein mann.

Huset tok likevel fyr, og heile Bergen brann til slutt ned. Men Magnus overlevde. Det var i hans auge ei Guds styring, som det låg ei djupare meining bak.