Tekst fra Nasjonalbibliotekets julekalender. Kremhvit bakgrunn. Illuminasjoner i gull og sølv og turkis.

Ein julekalender om Magnus Lagabøte

Luke 4: Ein mektig fest

Etter borgarkrigane sat Håkon 4. igjen med ein flåte på over 300 skip, og kunne mobilisera ein hær på over 30.000 mann. Det var den største flåten i Nord-Europa. Slikt vert lagt merke til.

I 1247 sende paven i Roma sin kardinal Vilhelm av Sabina til Bergen for å krona den norske kongen. Kroninga skjedde på olsok, til ære for Noregs evige konge, Olav den heilage. 80 mann i rustning måtte rydda vegen for kongen.

Truleg hadde fleire tusen kome for å få eit blikk av kongen som ikkje lenger bare var hylla av folket, men skulle til og med kronast av paven sin utsending. Bak følgde dei som bar kongen sine to septer i sølv og gull, kongekrona og kroningssverdet.

Festen etterpå vart halden i kongen sitt naust like ved kroningskatedralen. Det var over 50 meter langt, over 10 meter høgt og minst 12 meter breitt, og var pynta med vevde tepper på veggane, og i benkane låg det puter broderte med silke og gull.

Festen varte i åtte samfulle dagar.

https://open.spotify.com/episode/6ZD2eTTUtTDgV0xZJ6Bxeq?si=d9e4f68262b446aa