Landslovjubileet 2024

Sitat frå Landslova

Rettleiing til bruk av sitatplakatar:

  • Plakatane kan berre brukast i samanheng med undervisning.
  • Plakatane trykkast i formatet 50 x 70 cm.
  • Plakatane kan ikkje seljast eller distribuerast vidare.
  • Det kan ikkje gjerast endringar i designet eller leggast til noko på plakatane.

    Design: Anorak
Bildet viser en illustrasjon av Magnus Lagabøte representert med et kongehode med krone. Illustrasjonen er i gull med hvit skrift. Teksten leser Landslovjubileet og tallene 1274 og 2024 som understreker landslovens 750-års jubileum.

I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Nasjonalbiblioteket er nasjonal koordinator for Landslovjubileet 2024, og gjennom året vil vi markere og formidle dette over heile landet.

For å forstå vår eiga tid, og kunne seie noko om framtida, må vi kjenne fortida. Landslovjubileet 2024 markerer starten på arbeidet med å gjere den intellektuelle sida ved norsk mellomalderhistorie til ein del av den felles forståinga vår.

Kva er Landslova av 1274?

I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid, og etter at han døydde, fekk Magnus tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren».

Magnus Lagabøtes landslov står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå Noreg i mellomalderen. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Landslova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen. På same tid var ho påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. For første gong fekk kvinner arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølv, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Retten til å ferdast fritt i og hauste av naturen, som vi finn igjen i vårt eige daglegliv, er nedfelt i Landslova.

Landslova er dermed eit symbol på ein del av norsk historie vi ofte gløymer. I mellomalderen var Noreg nært knytt til Europa. Den norske kongefamilien var gifta inn i europeiske kongehus, den norske eliten utdanna seg ved universitet i Italia og Frankrike, og norske prestar og biskopar var i tett kontakt med paven i Roma.

Utan denne kontakten med Europa hadde ikkje den første felles lovboka i Noreg blitt til. Tankar og idear reiste nordover, og menneska som levde i Noreg i mellomalderen, gjorde dei til sine eigne. Historia om Magnus Lagabøtes landslov er ein del av historia om korleis vi blir oss sjølv i møte med andre – og om korleis Noreg etter kvart blir til det Noreg vi kjenner i dag – i samspel med verda som ligg utanfor. 

Skulebesøk

I samband med Landslovjubileet 2024 tilbyr Nasjonalbiblioteket eit omfattande tilbod for skuleklasser. Hausten 2024 held vi omvisingar for skuleklasser i veke 34, 35 og 36.

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var den første fungerande riksdekkande lova i Europa. Lova gjaldt i Noreg gjennom 400 år. Med Landslova fekk Noreg ei lov som kombinerte eit nytt tankesett frå kontinentet med den norske tingtradisjonen. I denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt.

Magnus Lagabøte blei fødd i 1238 som yngste son av kong Håkon Håkonsson og dronning Margrete Skulesdotter. Rolla som konge var eigentleg tiltenkt Magnus sin eldre bror, men då broren brått døydde i 1257, blei Magnus tronarving.

I 1263 tok han over trona, og som konge stod Magnus bak eit omfattande lovarbeid som er utan sidestykke i norsk historie. I dette prosjektet samla, strukturerte og moderniserte kongen og rådgivarane hans lovene som gjaldt for fattig og rik, i by og land, og til og med på dei forblåste øyene i Atlanterhavet som var under norsk kontroll.

Etter at han døydde i 1280, blei han derfor kalla Magnus Lagabøte – kongen som hadde forbetra lovene.

Nasjonalbiblioteket markerer jubileet med ei stor utstilling, fleire bokutgivingar og eit rikt formidlingsprogram. Vi samarbeider med Kulturhistorisk museum, Stortinget, Noregs Høgsterett og Dei kongelege samlingane om ei felles markering i Oslo.

Nasjonalbiblioteket har lenge jobba for å auke interessa for og kunnskapen om denne delen av norsk historie, mellom anna ved å låne heim verdifulle manuskript og forske på Landslova og resten av lovgivinga til Magnus Lagabøte.

Kronikk: Landsloven fyller 750 år. Dette er kanskje det viktigste dokumentet i norsk historie.

For 750 år siden, i 1274, var Norge ledende i Europa. Vi var det første landet etter Romerrikets fall som fikk en fungerende landslov, altså en lov som var lik for hele landet.
Les hele kronikken til nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, første gang publisert 19. august i Aftenposten. 

Vår første lovbok

Ekstra ressursar

I denne lista finn du lenker til ekstra ressursar du kan nytte i undervisingsopplegg knytt til Magnus Lagabøtes landslov.