Haustprogram med lesing, tradisjonshandverk og finale for den norske svartmetallen
Les norsk litteratur saman og aleine, bli med på handverksfestival, utforsk kjenslene i den norske svartmetallen og opplev kulturhistorie som blir skapt her og no. Dette er litt av alt du kan gjere på Nasjonalbiblioteket denne hausten, saman med blant andre Vigdis Hjorth, Carl Martin Eggesbø, Tinashe Williamson, Elias Akselsen, Thorvald Steen, Ivar Bjørnson og Eirik «Pytten» Hundvin.
Finale for norsk svartmetall
Utstillinga og formidlingsprogrammet Dårlig stemning har trekt rekordmange publikummarar frå heile landet og alle verdshjørne til Nasjonalbiblioteket for å fordjupe seg i fenomenet norsk black metal. Til saman har meir enn 70 000 vitja utstillinga, opplevd fysiske og digitale arrangement eller lytta til podkastar Nasjonalbiblioteket har produsert i samband med satsinga.
No går Dårlig stemning inn i sin siste månad, med finalehelg 15. og 16. september. Før det kan du få med deg ei eksklusiv samtale om innspelinga av Enslaveds Frost, når Eirik «Pytten» Hundvin, som har produsert fleire av dei mest legendariske albuma innan sjangeren, og Enslaved-gitarist Ivar Bjørnson møtast på scenen for å lytte til mastertapane og fortelje om samarbeidet i Grieghallen Studio i 1994. Komponist, musikar og produsent Erlend Mokkelbost leier samtalen 14. september. Dessutan kan du lære deg å teikne ein hovudskalle under kyndig rettleiing av biletkunstnar og teiknar Esther Maria Bjørneboe (2. september) og lytte til Darkthrone sitt banebrytande album A Blaze in the Northern Sky saman med forfattar Martin Svedman (9. september).
Lesesirkel og stillelesing
Nasjonalbibliotekets lesesirkel fortset til hausten med eit flunkande nytt lag. Den 16. oktober vil forfattar Vigdis Hjorth, samfunnsdebattant Mohamed Abdi og skodespelar Carl Martin Eggesbø ha med seg publikum på å lese Nini Roll Anker si gripande skildring av arbeidarkvinnene sine kår i Noreg i mellomkrigstida, Den som henger i en tråd frå 1935.
Drøymer du om å få sitte i fred og lese konsentrert, i fellesskap med andre? Til arrangementet i serien «Stillelesing» 24. august, har forfattar Brynjulf Jung Tjønn valt ut opninga av Yohan Shanmugaratnam si bok Vi puster fortsatt (2020). Publikum får òg utdelt eit essay Tjønn har skrive om boka og ein plakat som er laga eksklusivt for arrangementet av den prislønte designaren Stefan Ellmer.
Handverksfestival
Helga 22.–24. september inviterer Nasjonalbiblioteket for andre gong til handverksfestival. Gjennom verkstader, foredrag og samtalar kan du prøve ut ulike teknikkar og fordjupe deg i nokre av dei eldste tradisjonshandverka våre.
I løpet av helga kan du lære deg å brygge kveikøl, sy din eigen skinnpung, spikke ein smørkniv og lage ein trådvisp. I tillegg kan du få med deg ein samtale om faren ved å romantisere handverksfaga, med sosiolog og elektrikar Jørn Ljunggren, snikkar og forfattar Ole Thorstensen og murar og kroppsbyggar Lise-Marie Sommerstad, leia av Torbjørn Røe Isaksen. Musikar Elias Akselsen og konservator Mari Møystad møter journalist Nina Stensrud Martin for å snakke om kniven som symbol, kunsthandverk og salsvare for romanifolket. Og medievitar og musikar Torgny Amdam tek føre seg korleis dei gamle handverkstradisjonane har fått ein ny status gjennom hipsteren sitt engasjement for surdeigsbrød og hobbysnikring.
Black History Month
Kunsten å skape historie er temaet for Black History Month Norway i år. Artist og skodespelar Nosizwe Baqwa, håraktivist og gründer Lalla Coulibaly, slam-poet Michael «Doriansgrave» Opara, sosialantropolog og podkastvert Philip Rynning Coker og aktivist Ida Evita de Leon er alle kunstnarar som skapar norsk kulturhistorie her og no, og den 26. oktober framfører dei spesialskrivne tekstar om personar som har inspirert dei. Tinashe Williamson er konferansier.
Norske filmskattar, Oslo kulturnatt og norske korsfararar
Filmane vi har elska, hata og referert til i fleire tiår, fortel oss mykje om den norske historia og kulturen. I serien «Norske filmskattar» ser vi gamle filmar med nye auge og snakkar om dei etterpå, og 12. oktober står Kåre Bergstrøms parapsykologiske gysar Klokker i måneskinn (1964) for tur. Let vi oss skremme i dag?
Gjensyn med ein norsk filmskatt får du òg på Oslo kulturnatt 15. september, då Nasjonalbiblioteket held opent heile kvelden og viser kinosuksessen Den siste Fleksnes, frå 1974. På kulturnatta kan du òg vere med på omvisingar i Kartsenteret og i utstillingane Dårlig stemning og Opplyst.
Få også med deg Thorvald Steen sitt underhaldande og opplysande foredrag om Konstantinopel, laurdag 7. oktober. Her får du mellom anna høyre om korsfararane og anna norsk historie knytt til verdsbyen vi i dag kjenner som Istanbul.
Gamle greier
Nasjonalbiblioteket sin historiepodkast, «Gamle greier», gjentek suksessen og inviterer til nytt liveshow 9. november. Allereie 7. september blir nye episodar lansert, der du får høyre om ei tobarnsmor som blei krigskorrespondent under den spanske borgarkrigen, ein professor som brukte vitskaplege metodar for å bevise at dei daude kunne snakke, og ei skakande hending frå 1930-åra, om jakta på ein barnemordar som enda i eit av de verste justismorda i moderne norsk historie. Ventetida kan du korte ned ved å lytte til dei spanande episodane som allereie ligg ute, mellom anna på nb.no og NRK Radio.
Fleire arrangement kjem til ut over seinhausten og vinteren. Les meir om Nasjonalbibliotekets haustprogram her.
Dei fleste av Nasjonalbiblioteket sine arrangement strøymast, blir lagt ut i podkasten NB:arrangement og er gratis, slik at dei er tilgjengelege for publikum over heile landet.