Å heie på Nora

Ved Janne Stigen Drangsholt

Onsdag 15. november kl. 10.00
Onsdag 15. november kl. 12.00

I teaterstykket Et dukkehjem (1879) av Henrik Ibsen er hovudpersonen Nora ei gift og umyndiggjort kvinne, ein lerkefugl for ektemannen, ei mor som til slutt forlet familien for å bli ein eigen og fri person. I 2. sesong av Julie Andems TV-serie Skam (2015) er hovudpersonen Noora ei feministisk og sjølvstendig tenåringsjente, ei god venninne, i opposisjon til hooke-kulturen, som til slutt endar med å falle for hooke-kongen William og gå den motsette vegen av Nora hos Ibsen: ho går inn i forholdet, og blir.

Då 2. sesong av Skam kom ut, gjekk vaksne og unge av skaftet og danna hashtagen #williammåsvare i respons på ei vending i serien der William såg ut til å svikte Nora. Då Et dukkehjem hadde premiere i Tyskland 135 år tidlegare, måtte Ibsen skrive om slutten fordi den sjokkerte for sterkt. Kan reaksjonane på desse to dramatiske tekstene seie noko om synet vårt på kvinner då og no? Kva fortel tekstene oss om likestilling og kjønnsroller i tida dei er skrivne – og om utviklinga i mellomtida?

Litteraturprofessor og forfattar Janne Stigen Drangsholt ser i dette foredraget nærare på dei to fiktive kvinnene med same namn, og på korleis vi gjennom forteljingar speglar og tolkar samfunnet vi er ein del av.