Handverksfestival
24
sep

Glimande gull med Marie Amundsen

En hånd med blå engangshanske, viser frem et gammelt gullsmykke
Gullsmykke funnet av Marie Amundsen. Foto: Marie Amundsen
Søndag 24. september 2023, at 12:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Glimande gull med Marie Amundsen
Gratis
Ingen påmelding

Mennesket har i mange tusen år kledd seg i gull, latt seg gravleggje med gull, og skaffa og bytt til seg gull. Gullet har tydelegvis hatt ei magnetisk tiltrekking på oss, mange stader i lange tider. Det edle metallet blir ikkje brote ned, og arkeologar har funne bitar og smykke av gull i ruinar og graver over heile verda. I tillegg til handverkskvalitet i fortida kan dei gylne objekta òg fortelje oss noko om korleis vi har levd saman, organisert samfunn og kva roller kvinner, barn og menn har spelt i alt dette.   

Arkeolog Marie Amundsen har forska på gull frå folkevandringstida (400–500-talet) og på kva metallet kan fortelje oss om sosiale relasjonar og teknologisk utvikling i epoken. For vi må forstå gullet som meir enn eit betalingsmiddel. Amundsen og kollegaane hennar argumenterer for at gullet har ei mykje rikare tyding enn som så, og at ein heller bør kalle gullet for «nyttegull».      

I dette foredraget får vi sjå bilete av eldgamle gullsmykke og høyre historia om korleis smykka er blitt funne i utgravingar i Sør-Noreg, og korleis funna kan fortelje oss meir om den store brytningstida i åra mellom 400 og 550. 

Arrangementet er gratis og blir strøyma direkte.

Her finn du informasjon om heile programmet for handverksfestivalen!

 Velkommen!