Handverksfestival
23
sep

Handverkaren og skravleklassen: panelsamtale

Bildet viser en sammensetning av fire forskjellige personer
Fra venstre: Torbjørn Røe Isaksen, Lise-Marie Sommerstad, Jørn Ljunggren og Ole Thorstensen
Lørdag 23. september 2023, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Handverkaren og skravleklassen
Gratis
Ingen påmelding

Då Ole Thorstensen, Lise Marie Sommerstad og Jørn Ljunggren var unge handverkarar, fekk dei ofte høyre at dei kunne blitt noko anna fordi dei var «så smarte». Men når snikkaren, muraren og elektrikaren var på fest og kom i prat med ein akademikar, kunne dei like ofte få høyre at «det var handverkar ein skulle blitt», og at akademikaren sjølv lengta etter å «jobbe med hendene».  

Dagens politikarar og skravleklassen framsnakkar dei praktiske yrka, utan at det slår tydeleg ut på lønn, status og søkjartal. Og akademikaren sender framleis ikkje barna sine på yrkesfag.   

I denne panelsamtalen skal vi diskutere romantiseringa og nedvurderinga av den store arbeidsgruppa: handverkaren.  

Med oss i panelet har vi sosiolog og elektrikar Jørn Ljunggren, snikkar og forfattar Ole Thorstensen og murar og kroppsbyggar Lise-Marie Sommerstad. Statsvitar og redaktør for E24, Torbjørn Røe Isaksen, leier samtalen. 

Arrangementet er gratis og blir strøyma direkte.

Her finn du informasjon om heile programmet for handverksfestivalen!

Velkommen!