Handverksfestival
23
sep

Lag din eigen visp – verkstad i trådarbeid frå romanikulturen

Bildet viser fire forskjellige visper lagd av stål, på grå bakgrunn.
Foto: Mjøsmuseet AS
Lørdag 23. september 2023, at 11:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket

På dette totimarskurset lærer du å lage ein enkel visp, med ståltråd og tong.   

Trådsløyd og strengarbeid er tett knytt til romanikulturen, men det vakre handverket held på å bli gløymt. Vispar, bordskånarar, knaggar, lysestakar og klokkestativ er typiske gjenstandar som blei laga ute på landevegen. Hesjetråd og andre materiale var lett tilgjengelege, og gjenstandane var lette å selje undervegs.   

– Trådarbeidet er ofte knytt til lav status og naud, men det er viktig at nokon held fram med å lære seg handverket og tradisjonane bak, før det går heilt i gløymeboka, seier kurshalder Per Henrik Moe.  

Saman med Roger Johansen viser han korleis du lagar ein visp, steg for steg. Du får sjå andre typiske gjenstandar, og sekretær i Taternes Landsforening, Lillan Støen, fortel kva rolle dette handverket har spelt for romanifolket.   

Det er berre 40 plassar per kurs, meld deg på her for å sikre deg plass:  https://pameldinger.no/e/nrkrxe

Kurset er gratis. Les meir om alle dei andre flotte arrangementa på handverksfestivalen her: www.nb.no/hva-skjer/