Bruk av privatarkivmateriale
Materiale som skal brukast på spesiallesesalen, må tingast innan klokka 12 arbeidsdagen før. Alle brukarar må ha lånekort ved Nasjonalbiblioteket og godta reglementet. Alle besøkande på spesiallesesalen må følgje ordensreglane.
Der materialet finst tilgjengeleg i digitalisert format, vil vi krevje spesiell grunngjeving for å sjå det fysiske eksemplaret.
Privatarkivsamlinga er som hovudregel fritt tilgjengeleg for bruk. Men i samlinga finst det materiale som både kan være klausulert av arkivskapar/-gjevar, og/eller innehalde sensitive personopplysingar om nolevande personar. Dette materialet er berre tilgjengeleg etter at løyve til innsyn er gjeve av Nasjonalbiblioteket.
Søknad om innsyn skal sendast på e-post til privatarkiv@nb.no, og innehalde følgjande informasjon:
- Arkivreferansar til det aktuelle materialet. Det blir ikkje gjeve tilgang til andre delar av arkiva enn det som er naudsynt for forskingsarbeidet.
- Ei prosjektskildring som gjer greie for innhald og mål for prosjektet, informasjon om den faglege kompetansen til søkjaren, og grunngjeving for kvifor det aktuelle materialet er naudsynt for prosjektet.
Det kan ta opptil to veker å behandle slike søknader. Dersom søknaden blir godkjend må søkjaren skrive under på ei diskresjonserklæring før materialet blir levert ut. Søkjaren kan òg bli beden om å klarere opphavsrettar hjå rettshavarane.