Fagseminar
6
sep

Litteratur, teater – eit seminar om Jon Fosse sin forfattarskap

Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad, Det Norske Samlaget.
Onsdag 6. september 2023, at 09:30 – 15:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Litteratur, teater dag 2
Gratis

Jon Fosse er ingen vanleg norsk forfattar. Han er bland dei mest spelte dramatikarane på den europeiske teaterscena. Romanane hans haustar lovord over heile verda. Han vert rekna som aktuell kandidat til Nobels litteraturpris.  

Gjennom førti produktive år har Fosse endra den litterære forståinga vår av tid og rom, viska ut grensene mellom sjangrar, karakterar, liv og død, draum og røyndom. I samband med Den internasjonale Fossefestivalen inviterer Nasjonalbiblioteket til Fosse-seminar 5. og 6. september 2023 for å diskutere Fosse frå to perspektiv, det litterære og det sceniske.  

Program

Tysdag 5. september

  • 9.30: Velkomst
  • 9.45: Merve Emre, Professor Wesleyan University and Director of the Shapiro Center for Creative Writing and Criticism: Global Fosse (presentasjonen vert gjeven på engelsk)
  • 10.30: Kaffe
  • 10.45: Tom Egil Hverven, litteraturkritikar og forfatter: Skriving som innsikt. Om gnosis i «Septologien», og om å finne ei slags tilhøyrsle, ein stad å være til, ved å skrive på nynorsk
  • 11.30: Litterær popup
  • 12.00: Lunsjpause*
  • 13.00: Christine Hamm, professor UiB: Menn frå bygda. Kjønn, klasse og kunst i «Naustet» og «Septologien»
  • 13.30: Marius Wulfsberg, forskningsbibliotekar Nasjonalbiblioteket: Kva er ikkje eit spørsmål. Om døden i «Kvitleik»
  • 14.00: Kaffe
  • 14.15: Trond Haugen, forskningsbibliotekar Nasjonalbiblioteket: Historia om eit internasjonalt gjennombrot. Jon Fosse i kritikkhistorisk lys
  • 15.00: Avslutning

Onsdag 6. september

  • 9.30: Kai Johnsen, regissør og dramaturg: Jon Fosse og meg. Frå byrjinga i 1993 til Nasjonalbibliotekets magasindjup i 2023
  • 10.15: Teater-popup
  • 10.45: Kaffe
  • 11.00: Berit Gullberg, Jon Fosses teaterforleggar, i samtale med teaterkritikar Therese Bjørneboe: Fosses gode hjelparar. Om teaterforlaget Colombine og norsk dramatikk sin veg ut i verda
  • 12.00: Boksignering med Berit Gullberg og lunsjpause*
  • 13.00: Gjertrud Jynge, skodespelar: Kunstnerisk innslag
  • 13.30: Drude von der Fehr, professor emerita UiO: Metafysikk i kvardagsklede
  • 14.00: Kaffe
  • 14.15: Benedikte Berntzen, forskningsbibliotekar Nasjonalbiblioteket: Han og ho ut i verda. Internasjonale spor i Jon Fosses privatarkiv
  • 14.45: Jens-Morten Hanssen, seksjonsleiar Nasjonalbiblioteket: Festivalar som springbrett: Nytt blikk på teaterfenomenet Jon Fosse
  • 15.15: Avslutning

Vi gler oss til å sjå dykk på Fosse-seminar!

Påmeldinger

Ingen planlagte påmeldinger

*Servering av lunsj er ikkje inkludert i påmeldinga. Ein kan få kjøpt lunsj i Nasjonalbibliotekets kantine eller i Kafé Å.

Som deltakar på Fosse-seminaret kan vi også tilby deg 50% rabatt på billettar til Den internasjonale Fossefestivalen. 

https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/den-internasjonale-fossefestivalen

Kampanjekode: fosse50

Gjeld alle framsyningar under festivalen.