15
nov

Rytme. Tommy Tee, Ole Hamre, Anne Danielsen og Martin Bjørnersen

Onsdag 15. november 2017, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket

Rytme er ein av dei viktigaste grunnsteinane i vestleg musikk, og blir ofte kalla pulsen i musikken. Men kva er eigentleg rytme? På kva måte har rytmen vore med på å forme og utvikle dei ulike musikksjangrane, og korleis kan ein definere noko som er så omfattande?

Tommy Tee har vore sentral i den norske hiphop-scena sidan 80-talet både som artist og produsent. Komponist, trommespelar og perkusjonist Ole Hamre står bak fleire nyskapande musikkprosjekt innanfor ei rekkje ulike sjangrar. Professor i musikkvitskap Anne Danielsen har skrive bøker og forska på rytme og groove i popmusikken. No møter dei musikkjournalist Martin Bjørnersen til samtale.

Arrangementet er del av serien «Musikklære».

11.10 | Låten. Don Martin, Stig Karlsen, Anne Danielsen og Askil Holm

15.11 | Rytme. Tommy Tee, Ole Hamre, Anne Danielsen og Martin Bjørnersen

7.12 | Arrangering. Kolstad, Ankarblom, Skomsvoll og Husby