10
jan

Gamle greier live: Heksebrenning og kjærleikssorg

Gamle greier-gjengen stiller live på Nasjonalbiblioteket.
Fra venstre: Chris Nyborg, Lars Hammeren Risberg og Live Vedeler Nilsen.

Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Tirsdag 10. januar 2023, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

KLIKK HER FOR BILLETT!

Kjærleikssvindel, statusfall og heksebrenning. Det er stikkord når Nasjonalbiblioteket inviterer til live-kveld med vår eigen podkast Gamle Greier. Vi har grave i arkiva og funne to heilt spesielle historier.   

Vi nøstar opp ei ellevill historie frå tidleg 1900-tal, der Hans Andersen brukte nesten heile livet på å svindla einslege kvinner. Og oppskrifta var den same kvar gong, for han sjarmerte kvinnene i senk og lurte dei til å tru han var styrtrik. Og etter at kvinnene hadde lånt han pengar, forsvann han sporlaust. Men ein dag tok eventyret slutt, og Andersen måtte møta i retten. Der vart alle detaljar frå den kriminelle karrieren hans bretta ut framfor sjokkerte tilskodarar. 

Vi får og høyra historia om Anne Pedersdotter, som på 1500-talet levde eit liv på toppen av samfunnet i Bergen, som ei privilegert prestefrue. Makta og innflytelsen skaffa ho mange fiendar, og då mannen ein dag døydde slo dei til. Anne vart skulda for noko av det mest alvorlege ein kunne halde på med, nemleg trolldom. No måtte ho kjempa ein desperat kamp for å sleppa å hamna på heksebålet.  
Begge historiene blir stemningsfullt akkompagnert av stumfilmpianist Kjetil Schjander Luhr.

  

Med Chris Nyborg, Live Vedeler Nilsen og Lars Håkon Hammeren Risberg.   

Arrangementet er gratis og åpen for alle med påmelding. Alle billettane er nå hentet ut, men man kan sette seg på venteliste her.

Ubrukte billettar vil bli gitt vidare fem minuttar før arrangementet byrjer. Dørane opnar 30 minuttar før, og Kafe Å er open heile kvelden – velkomne!