Kvinner i offentlegheita
2025: veke 3, 5, 7, 9, 11 og 13.
Omvisingstid: måndag-fredag kl. 9-14
Omvisarar: Anna Kleiva og Ole-Albert Rønning Nordby
Varar i ca. 60 minutt
Korleis fungerer ei offentlegheit? Kven har tilgang på den? Dette er sentrale spørsmål i utstillinga Opplyst – Glimt frå ei kulturhistorie ved Nasjonalbiblioteket. Tilgangen til offentlegheita har opp gjennom historia vore blokkert for ulike grupper i samfunnet – ikkje minst for kvinner.
I denne omvisinga legg vi vekt på kvinnene sin plass i den norske kulturhistoria, og ser nærare på arbeidet og påverknaden til mellom andre Dorothe Engelbretsdatter, Gina Krog og Camilla Collett.
Under besøket deler vi klassa i to, og begge grupper får ei omvising og eit kort undervisningsopplegg.