Ny årleg handverksfestival på Nasjonalbiblioteket

Plakat for Håndverk #01

Den siste helga i november inviterer Nasjonalbiblioteket til den aller første handverksfestivalen på Solli plass i Oslo. Det blir strikking, brodering, spinning og veving frå morgon til kveld, saman med Vigdis Hjorth, Warunee Bolstad, Ragnhild Brochmann og mange fleire.

– Dei siste åra har vi fått eit heilt nytt fokus på berekraft, og nye generasjonar har ei yrande interesse for dei gamle handverkstradisjonane. Dette vil vi feire med ein årleg festival, der vi skal sjå på fleire typar handverk, seier arrangementsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Ida Pallin Bostadløkken.

På festivalen får du, gjennom verkstader, foredrag, film, samtalar og fellesbrodering, fordjupe deg i våre eldste tradisjonshandverk og prøve ut forskjellige handverksmetodar, som karding, spinning og samisk grindvev.

Hit kjem ei av landets største påverkarar innan broderi, Warunee Bolstad frå Plystre Knitwear, for å hjelpe alle som vil bidra til det enorme  fellesbroderiet som ligg i Kafé Å gjennom helga. Du får vere med i syklubben til forfattar Vigdis Hjorth og vener, og du kan ta med deg strikketøyet ditt og høyre kunst- og motehistorikar Ragnhild Brochmann halde festtale til kulturtanta.

Høgst levande tradisjonar
Over heile landet blir det strikka, vove og brodert, og folk i alle aldrar delar idear og kunnskap seg imellom. Nyskapande strikkedesign blir synt fram på Instagram, og politiske bildevevar blir igjen hengt opp i dei store kunstinstitusjonane.

– Disse handverkstradisjonane er høgst levande og ein sentral del av vår felles kulturarv. Dette er historiekunnskap som sit i hendene og som knyter oss saman på tvers av landegrenser og bakover i tid, seier Bostadløkken. 

I nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av gamle og nye oppskrifter på strikk, vev og broderi. På handverksfestivalen vil du få hjelp av bibliotekarane til å leite etter spanande mønster og hente fram skattar frå handarbeidsarkiva.

Festivalen Håndverk #01 opnar med broderifest med DJ ASDFGHJKL fredag 25. november kl. 18, og held fram til søndag 27. november kl. 19.30. Her er ein oversikt over alt som skjer på festivalen gjennom helga.

Alle arrangement er gratis og opne for alle. Kafé Å serverer vegetarsuppe og sveler til snille prisar, eller noko i glaset, for dei som har lyst på det. 

Festivalen er eit samarbeid med blant andre Noregs Husflidslag, broderingsworkshopen Nålens makt og det feministiske kunstkollektivet Femme Brutal.