Opplev tradisjonane!

Nasjonalbiblioteket inviterer til ny handverksfestival helga 22.–24. september i Oslo.  
Her vil du møte på folk som kan kunsten å smi, garve skinn, stable ved og lage romani-handverk – og du får prøve sjølv om du vil!  
I programmet finn du foredrag, samtalar og verkstader du kan melde deg på. Alle arrangementa er gratis, men det er lurt å hente ut billett for å sikre seg plass.  
Fredag klokka 17 opnar festivalen med stemningsfull sprakalóg på uteområdet vårt. Øl-bryggjar Kjetil Dale frå Voss kjem for å lære oss om den spesielle gjæren kveik. 
Velkommen! 

Kvifor lagar vi ein handverksfestival?

Handverk er kultur, og det å laga ting er kunnskap som ofte går i arv. Handverkstradisjonar har blitt møtt med ein heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Men nokre av tradisjonane våre står og i fare for å bli gløymde, mens andre har endra seg så sterkt gjennom tidene at dei knapt er til å kjenne igjen. Gjennom denne årlege festivalen vil vi trekke fram handverk det er verdt å halde på.
nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av bøker, tidsskrift og oppskrifter som er digitaliserte og søkbare, og interessa er stor for strikkeoppskrifter, bøker om lafteteknikk og mattradisjonar. 
Nasjonalbiblioteket vil feire og markere den yrande interessa for alt det gamle handverket ved å holde verkstader, foredrag og samtaler som sett tradisjonane i perspektiv. Vi vil invitere alle som driv med handverk inn i bibliotekets mange rom, for å dele kunst- og handverkstradisjonane oss imellom, og for å tileigne oss ny kunnskap. 

Kva skjer på Handverksfestivalen?

Bildet viser fire forskjellige visper laget av stål, på grå bakgrunn.

Desse kjem på festivalen!

Elias Akselsen, artist og knivmakar; Stian Carstensen, trekkspill-trollmann; Nina Stensrud Martin, podkastar og tidlegare NRK-journalist; Roger Johansen, knivsamlar; Mari Møystad, konservator; Lillan Støen, sekretær i Taternes landsforening; Per Henrik Moe, handverkar og kursleier; Torgny Amdam, musikar, skribent og medievitar; Sofie Kleppe, garvar og skinntilverkar; Kjetil Dale, kveikøl-bryggjar og sprakalóg-ansvarleg; Eivind Falk, leiar ved Norsk håndverksinstitutt; Ole Thorstensen, forfatter; Torbjørn Røe Isaksen, statsvitar og redaktør for E24; Lise-Marie Sommerstad, murar og kroppsbyggar; Jørn Ljunggren, sosiolog og utdanna elektrikar; Marie Amundsen, arkeolog; Anna Harstad, tømrar og med i Ungt tradisjonshåndverk; Lennart Hoffmann, smed og med i Ungt tradisjonshåndverk; Øystein Hatle Parelius, smed og tidlegare med i Ungt tradisjonshåndverk. 
Kva meir kan du gjere? 
Drop-in spikkekurs. Spikking kan vere nyttig tidtrøyte. I kaféområdet kan du spikke din eigen smørkniv, under kyndig hjelp frå Eivind Falk, leiar på Norsk håndverksinstitutt  frå handverksinstituttet. Vi har plaster nok og plass til 8 deltakarar om gangen, så her er det berre å stille seg i kø.  
Handverk frå romanikulturen. Vi viser fleire av håndverkstradisjonane frå dei reisandes lange historie på denne festivalen. I tillegg til eigne verkstader, samtalar og konsert med Elias Akselsen, skal svepemaker Roger Johansen frå Elverum vise korleis han lagar ei hestesvepe. Dette var ei av dei vanlegaste inntektskildene for romanifolket mens dei var ute på landevegen og kun hadde enkle hjelpemidler til rådighet.  
Filmer og bøker om ulike handverk. Arkivet til vårt er rikt på dokumentasjon av ulike handverkstradisjonar. Heile helga gjennom viser vi filmer om ulike handverk og eldgamle teknikker, og du kan bla i bøker og andre trykksaker. Kanskje finn du inspirasjon til noko du vil prøve selv?  

Kløyving, stabling og barking 

Tømrar Anna Harstad er hospitant i prosjektet Ungt tradisjonshåndverk, og synar oss både stabling, barking og kløyving av ved. 

Smi spiker 

Dei to smedane Øystein Hatle Parelius og Lennart Hoffmann hjelper oss å smi spiker. 
Open kafé og bar! Vår staselege Kafé Å er open og serverer vegansk suppe, elgkarbonadar og trollkrem.
Bildet viser en kniv og en slire i typisk hedenberg-stil. Sliren har et pent mønster, mens kniven har mønster langs skaftet, som er av en mørkebrun tresort.

Dykk ned i vårt digitale bibliotek

Nasjonalbiblioteket har digitalisert tusenvis av ressurser for kunst og håndarbeid. Ta en titt på noen her! Er du på jakt etter en helt spesiell kunst- eller håndarbeidsressurs? Møt våre dyktige veiledere på festivalen!