Folkemusikk

Norsk folkemusikksamling har sidan 2014 vore ein del av musikkseksjonen i Nasjonalbiblioteket. Folkemusikkarbeidet på seksjonen er samla om å dokumentere norsk folkemusikk i fortid og notid. Lydarkivet inneheld titusenvis av opptak samla gjennom feltarbeid. Med utgangspunkt i dette stoffet blir det drive forsking, publisering og formidling.

Bilde av Erling og Gunnar Kjøk
Erling Kjøk (1913-1999) og sønnen Gunnar (f. 1953).

Lydsamlinga femner om ca. 47 000 enkeltopptak. Det meste er norsk folkemusikk av dei eldste typane og ein vesentleg del gammaldansmusikk, men der er òg eit stort intervjumateriale i tilknyting til musikkopptaka. Den største delen av lydsamlinga er feltopptak gjort for samlinga. Attåt er det kopiar av tidlegare voksrull-, pathé- og 78-innspelingar av folkemusikk, saman med mange kopiar av privatopptak. Til saman dreiar det seg totalt om snaue 2000 timar med opptak.

Her finn du eit oversyn over lydmaterialet fordelt på instrument, fylke og andre tradisjonsområde. (PDF: oversikt-folkemusikk)

Nå kan du også søke i vår katalog når du oppretter en brukerkonto.

Mange lydopptakingar har allereie falt i det fri, og du kan lytte til dei her.

Kontakt Nasjonalbiblioteket på e-post musikk@nb.no eller tlf. 23 27 61 60 for å avtale besøk og andre førespurnader.

Utgjevingar

Dei to seriane Norsk folkemusikk Serie 1: Hardingfeleslåttar og Norsk folkemusikk Serie 2: Slåtter for vanlig fele blei gjevne ut av Norsk folkemusikksamling i perioden 1958-2012. Fyrst var serien tufta på manuskriptsamlingane til Arne Bjørndal, Truls Ørpen og Eivind Groven, medan seinare utgåver bygde på transkripsjonar av lydopptak. Til saman inneheld serien 3862 noteoppskrifter og ei rekkje artiklar. Bd. III, IV og VII av hardingfeleserien og bd. I-IV av serien for vanleg fele kan tingast i bokform frå Nasjonalbiblioteket ved å vende seg til salg@nb.no.

Heile hardingfeleverket og dei fire fyrste binda av feleverket er òg tilgjengelege i digitalisert form i nettbiblioteket.

Sjå også eigen side om feleverka.

CD-utgjevingane våre med opptak frå folkemusikksamlinga kan tingast ved å vende seg til salg@nb.no. I tillegg kan dei tingast i platebutikkar og mange stader på nettet.

Innsamling

Nasjonalbiblioteket driv med innsamling av norsk folkemusikk i dag òg. Folkemusikklivet i Noreg er rikt, og vi trur det er viktig å dokumentere samtida like mykje som fortida. Nasjonalbiblioteket samarbeider mellom anna med Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans om dokumentasjon av konsertar. Attåt dette lagar vi nokre eigne video- og lyddokumentasjonar av kappleikar så vel som frå dansekveldar og kurs.

Nedteikna folkemusikk

Nasjonalbiblioteket har den største samlinga i landet av nedteikna folkemusikk, levert hit heilt sidan 1800-talet av ulike samlarar: Ludvig Mathias Lindeman, Catharinus Elling, Olav Sande, Ole Mørk Sandvik og Eivind Groven. Materialet frå Lindeman og Sandvik inneheld òg folketonar som andre innsamlarar har sendt dei. Ønsket om å gjere dette store materialet kjent for eit større publikum var ein hovudgrunn til at O.M. Sandvik i si tid (1927) tok initiativet til å etablere Norsk musikksamling. Svært mange av desse folketonane er digitaliserte og tilgjengelege i nettbiblioteket vårt.